søndag 27. desember 2009

Fange juletre

Hei hå, no er det jul igjen! Denne jula har eg gjort mykje rart, og alt starta på lille julaften:

Allle bilda i denne artikkelen er tatt av tanta mi Line

Vi har småpynta til jul i heile desember, men den ekte pyntinga startar på sjølvaste lille julaften. Vi mangla blant anna ein av dei viktigaste detaljane- juletreet!
Vi har bestandig kjøpt juletre mens vi har budd her i Volda, men i år var vi så heldige og få hugge det sjølv! Det var eit lystig følge som gjekk oppover skogen den lille julaften, og alle var einige om at vi skulle fange det beste treet. Men det viste seg og ikkje være så lett, for vi fant små tre, og store tre, furu tre og snne tre som vi lager julekrans av, daude tre og alt for nye tre, men til slutt greide vi likevell og fange det aller beste treet i skogen.

Etter og ha frakta treet heim hadde mamma allereide vaska golvet og børi ved, så no gjensto det bare og pynte tre. Etterpå vart det kviling og pusting på ei stund, mens vi spiste graut med mandel som eg dessverre ikkje fekk. Eirik derimot...

søndag 20. desember 2009

Pepperkakehus-baking

I kalendergave av meg den 3 desember, fekk broren min at vi skulle lage pepperkakehus, og samme dag var vi i gang.

Først bakte vi ut deigen, og av den laga vi 20 små pepperkakegrisar, 3 purker og eit pepperkake-hus.

Etter at pepperkakehuset var ferdig, så det slik ut:
Men eit ekte pepperkakehus ser ikkje slik ut, og dermed starta vi og pynte det.

Det er tradisjon i familien vår og lage pepperkakehus, og det er tradisjon og pynte det, men snopet er og tradisjonelt, vi pyntar alltid med: seigmenn, non-stop, engelsk konfekt og litt småsjokolade, og dette har vi pynta med så lenge eg kan hugse.

Etter all pyntinga såg huset slik ut:
Vi er såå fornøgd med resultatet, selv om det skal knuses og spises.

søndag 6. desember 2009

Perlemors produksjon

Som sagt handlar bloggen min mykje om perler, og det er så mykje ein kan lage av perler, her er nokre av dei nyaste produkta mine:
Bilete 1.:
Dette er dei aller ferskast armbanda eg har laga i haust, det varierer frå armband til armband om dei har lås eller ikkje, alt etter kvafor ein tråd som vert brukt.


Bilete 2.:
Dette er øyredobbar, dei er laga av
ståltråd, øyredobbkrokar og slfølgelig perler.






Bilete 3.:
Dette er litt eldre produkt som vart laga i Grand Canaria.



Alt skjer på rommet mitt, og pulten min er omtrent aldri ryddig.
Eg vert innspirert av humøret som eg er i, av musikk eller lydbøker som eg høyrer på eller av personer som betyr mykje for meg. Om det er glad musikk eg høyrer på,
lager eg gjerne glade produkt, eg det røff musikk, vert resultatet røft, og så vidare.



tirsdag 1. desember 2009

Velkommen!


Hei og velkommen til Perlemor-bloggen!

Dette her er ein blogg om perler, foto, teikning og andre ting som eg er interessert i.
Kommenter gjerne om du vil.
Ha ein god fornøyelse!





Bildet er tatt i Agaete, i Gran Canaria av Mathilde.