søndag 10. januar 2010

Årets første produkt


Til jul fekk eg nye perler, og da har eg sjølvsakt nokre nye armband på lur også:


Nytt år, nye perler, ny teknikk og nye produkt! No perler eg ikkje så mykje med bestemte mønster lenger, men eg sett perler som passer i hop, saman til eit armband, og no lagar eg eit par av dei fleste armebanda, slik at dei skal verte lettare og bruke saman.

Og istedet for at alle armbanda skal ligge og slenge runt om kring, så har eg dekorert ein Ikea-boks med decoupache (=eit spesielt ty
pe lim og serviettar som vert kombinert på ein boks eller andre ting)

torsdag 7. januar 2010

Ny fornying


I Gran Canaria farga eg håret mitt litt rødlig med lyse striper, men etter heimkomsten har det blitt littegranne ettervekst, defor prøver eg med litt ný fornying, og siden mamma farger håret i kveld, kvifor ikkje?
Frisøren i Gran Canaria var profesjonell og gjorde alt med stor eleganse, min frisør i kveld er mamma, og sjølv om ikkje ho er profesjonell trur eg at det skal gå fint.

Etter litt striping, og mye aluminiumsfolie, var det bare og vente i 20 minutt (desse minutta vart brukt på blogging.)Da dei 20 minutta var ferdige, var det opp på badet igjen. Da mamma tok av all aluminiumsfolien, kom ho med kommentaren:" ja det blei jo farge iallefall", og dette kan jo sette fantasien i fritt fall......
Etter ein kort og varm dursj, så eg meg i speilet, og eg er svært fornøgd med resultatet, sjølv om det kanskje ikkje er det fyrste ein legg merke til når ein ser meg.

tirsdag 5. januar 2010

Det snør det snør!

I fjor haust (2009) ver det smått med snø, bare regn, og vi har nok av regn ellers her på vestlandet. Men nokre dagar før lille julafta byrja det og snøve, og det har ikkje stansa: det snør fortsatt, ca to ganger per dag, og ikkje alle er like fornøgde med det:

I eit intervju med min eigen far Hjalmar, får eg vite at i den vaksne verden ser ein ikkje snøen som bare moro:

-Kvar dag må eg ut og måke, ja i går måkte eg til saman 2 timar og eit kvarter!
-I dag da, kor mykje har du måka i dag? spør eg
-I dag har eg måka i kun 5 min., men eg skal ut og måke no snart, avsluttar Hjalmar med eit skeptisk blikk ut av vindauget.

Om eg spør den 6 år gamle systra mi der imot, får eg nokre andre svar:

-Jeg synst at snø er veldig morsomt, for da kan jeg lage snøengel, snølykt og snømann, og så kan jeg ake, men jeg blir litt kall på beina da. Seier ho fornøgd og smiler.

Personleg synest eg snø er toppen, i dag har vi blant anna spelt snørugby i gymmen, og sjølv om det var slitsomt og kave seg fram i ein halv meter snø, var det veldig morosamt!
Så for min del kan det bare fortsette og snø. :D