søndag 28. februar 2010

Diversje bilder

No har eg lagt ut mange lange innlegg, så det er på tide at det kjem eit litt kort eit. Dette er bilder som eg har tatt litt overalt, håper dokke lika dei.

<- Eg spiser mykje frukt, da snakker vi mykje.









Oppe i skibakken, på veg opp. ->















<-Buddhaen min, ein av 6 stykk.











Dongerielva, fra ein film som er i produksjon ->





Dette var litt av dei bilda som eg liker best, men som eg ikkje har fått brukt, håper dokke likte dei.

torsdag 11. februar 2010

Sigurd Lego Sjøhelle

Etter at vi flytta all legoen vår ned i fyrsteetarsje, i huset vårt, har Sigurd (1) fått seg nokre nye interesser, dette kan sjåast på både på ein posetiv, og ein negativ måte:

Posetift: Han leiker mykje med legoen, han roter littt i kassene, og dette kan han gjere i lang stund med bare det krave at det er ein annan person på rommet samtidig.

Negatift: Når han "roter litt i kassene", så roter han ikkje bare litt i kassene, men også ganske mykje utanfor dei, og dette fører til mykje rot i rommet, som tar lang tid å rydde opp igjenn, fordi all legoen er fargesortert.

Eg bestemte meg for å gjere noke med saken, selfølgelig skal Sigurd få leike med lego, men kanskje ikkje akkurat denne legoen. eg tok ein snartur opp på loftet, og kom ned igjenn med duplolegoen, som eg var sikker på at Sigurd ville like.

Etter å ha tømt ut all duploen, så Sigurd fornøgd ut. No kunne han sitte der og rote i sin egen lego, imens eg kunne gå å sette meg med min -trudde eg. Men med ein gong han så at eg ikkje syntest duplo var intresant, syntest ikkje han det heller, og han var tilbake i sine gamle rutiner igjenn.
Eg forsto jo at dette ikkje funka, så eg bygga eit flott slott til han, for å gjere legoen litt meir innteresann. På slottet var det alle detaljer som ein ettåring kunne ønske seg: bilbane, heisekrok, brannmann, brannmannrøyr røyr som og til og med vinger med bilete av ein tiger på.

Sigurd gjorde store auge, da han såg slottet, spesielt godt likte han det gule brannmannrøyret, som han putta ting ned i, og så på at dei kom ut att. No kunne ein kanskje tru at alt var ordna, men nei da. Røyret datt av, og da fant Sigurd ut kor morosamt det var og øydelegge ting, med resultatet at heile greia vart demontert.


Eg ga opp, og lot Sigurd få rote så mykje han ville med den lille legoen, og no begynte han ikkje bare og kaste ting ut av kassene, men han putta massa grå lego opp i den raude kassa. Så gjekk han inn på på badet, og putta badehetta mi i do, der ettr putta han den i munnen.

Ein liten ramp dette her, men kva skulle vi gjort utan han. <3

tirsdag 2. februar 2010

Hjelp til jordskjelvofra på Haiti



5-7 klasse på Øyra skule, har hatt ein innsamlingsaksjon der vi har samla inn penger til dei jordskjelvramma i Haiti. På mi gruppe samla vi inn omtrent 6500 kr, og vi gjorde det slik:

Helga rett før vi skulle starte med innsamlinga, produserte vi massevis av armeband, da snakker eg makrame. Vi stilte opp på høgskulen med to bord, der vi solgte armeband, smykker og hønseegg frå garden til læraren vår.

Alle smykka gjekk kjempe fort, og vi produsentane, måtte sitte bak disken og produsere der, (dette førte til låke rykkar, og kink i nakken:))
Etter kort tid reiste dei fleste armbanda også, og da hadde vi fått inn kanskje ca 2500 kr (meir eller mindre,) og da kantina på høgskulen fant ut at vi hadde gardsegg til 15 kr, kjøpte dei to kartongar dei og. Neste da solgte vi og litt makrame-tilsaman 1000 kr den dagen.

Til saman har vi i 5-7 på Øyra skule samla inn 21 400,50 kr, og i 7a har vi gitt 6000 ca (dei andre i klassa hadde solgt vaflar og gjort småjobbar)!! Dette vert nok folk på Haiti glad for :D

søndag 10. januar 2010

Årets første produkt


Til jul fekk eg nye perler, og da har eg sjølvsakt nokre nye armband på lur også:


Nytt år, nye perler, ny teknikk og nye produkt! No perler eg ikkje så mykje med bestemte mønster lenger, men eg sett perler som passer i hop, saman til eit armband, og no lagar eg eit par av dei fleste armebanda, slik at dei skal verte lettare og bruke saman.

Og istedet for at alle armbanda skal ligge og slenge runt om kring, så har eg dekorert ein Ikea-boks med decoupache (=eit spesielt ty
pe lim og serviettar som vert kombinert på ein boks eller andre ting)

torsdag 7. januar 2010

Ny fornying


I Gran Canaria farga eg håret mitt litt rødlig med lyse striper, men etter heimkomsten har det blitt littegranne ettervekst, defor prøver eg med litt ný fornying, og siden mamma farger håret i kveld, kvifor ikkje?
Frisøren i Gran Canaria var profesjonell og gjorde alt med stor eleganse, min frisør i kveld er mamma, og sjølv om ikkje ho er profesjonell trur eg at det skal gå fint.

Etter litt striping, og mye aluminiumsfolie, var det bare og vente i 20 minutt (desse minutta vart brukt på blogging.)Da dei 20 minutta var ferdige, var det opp på badet igjen. Da mamma tok av all aluminiumsfolien, kom ho med kommentaren:" ja det blei jo farge iallefall", og dette kan jo sette fantasien i fritt fall......
Etter ein kort og varm dursj, så eg meg i speilet, og eg er svært fornøgd med resultatet, sjølv om det kanskje ikkje er det fyrste ein legg merke til når ein ser meg.

tirsdag 5. januar 2010

Det snør det snør!

I fjor haust (2009) ver det smått med snø, bare regn, og vi har nok av regn ellers her på vestlandet. Men nokre dagar før lille julafta byrja det og snøve, og det har ikkje stansa: det snør fortsatt, ca to ganger per dag, og ikkje alle er like fornøgde med det:

I eit intervju med min eigen far Hjalmar, får eg vite at i den vaksne verden ser ein ikkje snøen som bare moro:

-Kvar dag må eg ut og måke, ja i går måkte eg til saman 2 timar og eit kvarter!
-I dag da, kor mykje har du måka i dag? spør eg
-I dag har eg måka i kun 5 min., men eg skal ut og måke no snart, avsluttar Hjalmar med eit skeptisk blikk ut av vindauget.

Om eg spør den 6 år gamle systra mi der imot, får eg nokre andre svar:

-Jeg synst at snø er veldig morsomt, for da kan jeg lage snøengel, snølykt og snømann, og så kan jeg ake, men jeg blir litt kall på beina da. Seier ho fornøgd og smiler.

Personleg synest eg snø er toppen, i dag har vi blant anna spelt snørugby i gymmen, og sjølv om det var slitsomt og kave seg fram i ein halv meter snø, var det veldig morosamt!
Så for min del kan det bare fortsette og snø. :D