torsdag 11. februar 2010

Sigurd Lego Sjøhelle

Etter at vi flytta all legoen vår ned i fyrsteetarsje, i huset vårt, har Sigurd (1) fått seg nokre nye interesser, dette kan sjåast på både på ein posetiv, og ein negativ måte:

Posetift: Han leiker mykje med legoen, han roter littt i kassene, og dette kan han gjere i lang stund med bare det krave at det er ein annan person på rommet samtidig.

Negatift: Når han "roter litt i kassene", så roter han ikkje bare litt i kassene, men også ganske mykje utanfor dei, og dette fører til mykje rot i rommet, som tar lang tid å rydde opp igjenn, fordi all legoen er fargesortert.

Eg bestemte meg for å gjere noke med saken, selfølgelig skal Sigurd få leike med lego, men kanskje ikkje akkurat denne legoen. eg tok ein snartur opp på loftet, og kom ned igjenn med duplolegoen, som eg var sikker på at Sigurd ville like.

Etter å ha tømt ut all duploen, så Sigurd fornøgd ut. No kunne han sitte der og rote i sin egen lego, imens eg kunne gå å sette meg med min -trudde eg. Men med ein gong han så at eg ikkje syntest duplo var intresant, syntest ikkje han det heller, og han var tilbake i sine gamle rutiner igjenn.
Eg forsto jo at dette ikkje funka, så eg bygga eit flott slott til han, for å gjere legoen litt meir innteresann. På slottet var det alle detaljer som ein ettåring kunne ønske seg: bilbane, heisekrok, brannmann, brannmannrøyr røyr som og til og med vinger med bilete av ein tiger på.

Sigurd gjorde store auge, da han såg slottet, spesielt godt likte han det gule brannmannrøyret, som han putta ting ned i, og så på at dei kom ut att. No kunne ein kanskje tru at alt var ordna, men nei da. Røyret datt av, og da fant Sigurd ut kor morosamt det var og øydelegge ting, med resultatet at heile greia vart demontert.


Eg ga opp, og lot Sigurd få rote så mykje han ville med den lille legoen, og no begynte han ikkje bare og kaste ting ut av kassene, men han putta massa grå lego opp i den raude kassa. Så gjekk han inn på på badet, og putta badehetta mi i do, der ettr putta han den i munnen.

Ein liten ramp dette her, men kva skulle vi gjort utan han. <3

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar